lørdag 16. januar 2010

Bloggtips

I dag har eg lyst til å tipsa dåke om ein anna überkul blogg, - denne frå det fantastiske Vestlandet :)
Tittei

Berre sjå på ka flotte kreasjonar ho klara å trylla fram!! Stolt av deg, Tittei!

Skatt

I dag fann eg ein skatt på bloggen min :) Mange kjekke kommentarer, som eg måtte bekrefta for at dei skulle visa, og tenk - det visste eg ikkje om før!!!

TUSEN TAKK til alle som har kommentert :) :) :) Eg skal sjekka bekreftingssida ofte frå no av! Eg har også gått igjennom innstillingane for kommentering, og håpar det blir lettare å kommentera frå no! God helg:)

torsdag 14. januar 2010

Blogg candy

www.kortoggodt.com har blogg candy med frist 31.januar. Vinn ei Sissiz maskin :)

søndag 10. januar 2010

Hannahs håp

Til jul fekk me fleire bøker. Me hadde ønska oss bøker av den amerikanske forfattaren Karen Kingsbury. Me har lese bøker av ho før, og synst ho skriv veldig godt. Denne jula fekk me ønsket oppfylt og fekk mellom anna denne boka, Hannahs håp.

Hannahs håp

Det er ei rørande, lettlest bok som handlar om ei ung vellykka jente i Washington DC. Ho føler likevel eit tomrom i livet sitt, og ho ber privatsjåføren be om eit julemirakel.

På pinnane

Bolero m bjørnebærmønster strikketøy

På pinnane mine no har eg ein bolero. Oppskrifta og garnet har eg kjøpt av Atelje Margaretha.
Mønsteret heiter bjørnebærmønster, og det er ein form for perlestrikk. Det er artig å strikka, og ser ut til å bli bra!

Bolero m bjørnebærmønster utdrag