onsdag 30. desember 2009

God jul!

Her er eit etterlengta avbrekk i bloggtørka mi! Eg begynte å hobbylera i november, men då var det julegaver og det hadde eg ikkje lyst til å blogga om ;) No kan eg gjera det!

Eg har strikka mitt første Flower Basket Shawl, og det var gøy!! Det er strikka i brun tynn alpakka på pinne 4.


Eg kjøpte eit kvitt enkelt servise og har malt med raud porselensmaling. Det er kjekt å ha sitt eige servise å bruka til jul. Middagstallerkar og dessertskåler.
Malt dessertskål jul

Årets juledekorasjon bestod av ein vid vase med blåbærlyng utan blad, med roser i. Enkelt og dekorativt!
Juledekorasjon 2009

søndag 6. desember 2009

Advent

God 2.søndag i advent :)
Da har vore rolig på hobbyfronten i haust. I november og desember har eg starta så vidt igjen, men da e julegaver... Derfor kjeme da ikkje nåke innlegg om da før ette jul!
Her e et bilde te minne om sommaren,- då fekk eg servert nydelig heimelaga blåbærsmoothie av ein kamerat. Ellers glede me oss til jul :)

mandag 13. juli 2009

Stoff og stil

Eg har fått ein etterlengta tur til butikken Stoff og stil!!!
Der handla eg mykje stoff og tilbehør, så no gler eg meg til å setja i gong og laga flotte kreasjonar!
Ellers er eg i skikkelig feriemodus, og det blir ikkje så mykje hobbylering når ungane er heime heile tida :) Alt til si tid!

lørdag 13. juni 2009

Bursdag



Tusen takk for alle hyggelige kommentarar! No gler eg meg mest til å komma i gang med bunadsskjorta :)


I helga hadde me bursdag i familien. Då fekk eg ei unnskyldning/ puff til å laga kort igjen. Eg kosa meg verkeleg med å laga desse invitasjonane til barnebursdagen! Eg fekk god hjelp av husbonden :) Han printa ut Hello Kitty på vellumpapir for meg. Etterpå hjalp han meg å lima fast. Sjølv stempla eg og maljerte. Koseleg samarbeidsprosjekt!



mandag 25. mai 2009

Garncupen del 2

Oppgåva denne gongen var å laga ein bruksting til kjøkkenet eller badet. Det kom inn mange verkeleg kreative forslag!!!!!!! Eg strikka ein fargerik kjøkkenklut. Eg brukar nesten berre slike heimestrikka klutar i bomull, dei er kjempegode.


Mitt bidrag:

Ufo along

Ein annan ting eg har blitt inspirert til på hobbyforum, er å gjera ferdig noko uferdig som har blitt liggande over tid - ufo.

I april kom eg over ein along, noko som betyr at me gjer noko saman. I ufo alongen skulle me gjera ferdig ein ufo (eller fleir) samtidig. Eg bestemte meg for å gjera ferdig ei hue eg begynte å strikka på i haust... Det er ein Robins Egg Blue Hat. Eg likar det mønsteret godt. Det er veldig enkelt og veldig dekorativt!!! Den er designa av Rachel Iufer og linken finn du her.


Slik blei mi hue:

søndag 10. mai 2009

Garncup



Eg har delteke i Garncupen på forumet til http://www.dinhobby.no/! I garncupen er det ny utfordring annakvar veke der ein skal laga noko av hovudsakleg garn. Denne første runden skulle me bruka dei tre flaggfargane til å laga noko. Eg strikka eit par lommetøflar med enkel pynt på! Kjempeartig!


Slik blei dei:



søndag 19. april 2009

Bunad

No er det ikkje lenge til mai, og då er det tid for å tenka på bunaden :) Sjølv må eg sjekka kor den pressar mest... Til ungane må eg sjå at den er lang nok. Mannen har ikkje eigen bunad. Då me blei saman for 12 år sidan lånte han ei bunad av ein onkel. Eg må berre sei at han ser FLOTT ut i bunad!!!!! Svigermor held på å sy bunad til gutane sine, og no har ho kome til mannen min si nasjonaldrakt. Det er ein mannsbunad frå Rogaland. Eg gler meg til den er ferdig! I påska spurte ho meg om eg kunne finna nokon til å brodera bordane til skjorta, - og eg som ser alt som ei utfordring fann ut at detta vil eg prøva sjølv... Har fått låna ein mal å sjå etter og ei bruksanvisning, så no er det berre å setja i gong! Om eg ikkje skulle få det til, får eg berre spørra nokon andre, men då har eg i alle fall prøvd ;)

Dette er eit illustrasjonsfoto med svoger som konfirmant
i fjor vår og prinsen min på armen hans.



Slik ser mønster og mal ut... Trur du eg klarar det?????

fredag 20. mars 2009

Søm


I det siste har eg vore innom på fleire bloggar med innlegg om søm, og eg kjenner at eg blir meir og meir inspirert til å sy sjølv! Eg har ei flott 3 år gammal symaskin som står på kontoret og berre blir tatt fram når eg skal lappa eller sy småprosjekt. Drømmer om å kunna sy noko slikt feks:


Denne veska fant eg på den überkule norske bloggen frå Afrika: http://www.ugalihobby.wordpress.com/. Den er vel verdt eit besøk :)


Her i heimen er det hobbyleringspause. Sånn er det berre ;)

søndag 22. februar 2009

Fastelavn ++

I dag har me spist gode bollar :D Etter ei oppskrift på forumet på http://www.dinhobby.no/.

Ellers har eg laga nokre kort sidan sist. Eitt til ei jente på 2 år, og eitt til to som blei 40 og feira det sammen.





Det har kome ekstremt mykje snø i det siste, og det har me utnytta! Me har vore på langrennski, i akebakken og i slalombakken. Ungane har laga snøhule rett utanfor huset og me har pynta med snølykt :D









mandag 12. januar 2009

Strikking



I dag er det på tide med ein ny oppdatering. Eg fant ingen bilder på PCen av noko eg har laga, så då viser eg dykk eit bilde av gensrane som jentene fekk i haust.

Skikkelig gode og flotte gensrar strikka av tanta deira! Det var skikkelig stas å få genser med sølv-krone og sølvkant. Nydelig arbeid! Tusen takk!

mandag 5. januar 2009

Perler og smykker












Eg fekk eit lite kick i dag, og laga ferdig eit wiresmykke eg har hatt liggande lenge. Det einaste eg hadde igjen var å festa låsen faktisk... Dette blir nok eit smykke til eige bruk:-)










I tillegg laga eg 2 heilt enkle mobilsmykker. Det er kjempeartig, for det treng ikkje ta så lang tid:-)











Nytt år, nye muligheiter

Her startar eg på nytt med blogging av hobbyting!

Eg er ei jente i 20-åra som er glad i å driva med ulike hobbyar, så her vil det komma litt om ulike ting eg interesserer meg for!

Eg blir veldig glad om du legg igjen ein kommentar!