søndag 5. desember 2010

Flere luer

Har fått skikkelig dilla på disse fine luene :) Her er noe av produksjonen min. To av luene er til barn og den bakerste er til voksen.

3 strikka luer

Har også tatt et action-bilde.

M lue

Disse går raskt å strikke, jeg strikka ferdig ei lue mens jeg var på kurs på fredag ;)

fredag 5. november 2010

Kari Traa lue

Flinke Englemor har designa denne flotte lua som eg blei ferdig med i kveld!

Kari Traa lue

Den var veldig kjekk å strikka!

Kari Traa lue nær

Eg brukte restegarn, Mor Åse babyull på pinne 4.

tirsdag 26. oktober 2010

Boleroen er ferdig!

Hipp hurra! Eg e stolt! Eg har klart å gjera ferdig mitt første håndarbeidsprosjekt på 1 år... Sånn ser den ut:

Bjørnebær-bolero

Den va ganske lett å strikka faktisk, problemet mitt har vore at eg hadde for lite pinnar å ha masker som skulle kvila på....
Skikkelig kjekt prosjekt, - spesielt no når da e ferdig! Ok, ikkje heilt perfekt, men med litt Solsikkepreg ;)

Oppskriften bestilte eg frå Ateljé Margaretha.
Sida eg no har fått profil på Ravelry :) så komme da ein engelsk øvesettelse og:

Hurrah! I'm proud to say that I have finished my first knitting project for a while... It was in fact easy to knit, and a fun project! It feels especially good now that it is finished!

lørdag 9. oktober 2010

God helg!

Kosar meg med brus, MnMs, hyggelig selskap og stearinlys i kveld :)
Det er utrulig deilig å vita at me skal vera ei heil helg sammen med gode venner!
Ønsker alle lesarar god fredag og god helg! Gjerne med musikk :)

Fiolin

tirsdag 5. oktober 2010

Tips til konkurranse!

Bloggen Brit's små puslerier loddar bort ein julekalender fordi ho feirar 50 000 besøkande på bloggen sin. Her kan alle vera med i loddtrekninga! Bloggen hennar fortjener eit besøk uansett, for her er det mykje bra;)

Dvale og jul.

Her er det lenge sidan det har skjedd noko :) Endeleg har lysta til å blogga kome så vidt tilbake! Eg veit ikkje kor lenge den er her, men eg brukar den no med ein gong og startar på ny frisk i hobbybloggen.

Eg har så smått begynt å gleda meg til jul! Det er berre like under 3 månader igjen, og eg planlegg å kosa meg leeenge med forberedelsar i år. Då blir det forhåpentligvis ikkje stress på slutten heller ;)

Eg har eit prosjekt frå januar som berre ligg og ventar på å bli ferdig. Det er ikkje mykje igjen, og eg gler meg til å bruka den deilige boleroen no når det begynner å bli kaldare!
Bolero m bjørnebærmønster stort motiv

Elles ønsker eg alle lesara som framleis kikkar innom ei go veke!

torsdag 25. februar 2010

Smockies

Eg har funne ei kjekke oppskrift på internett, hos BenteB. Ho har laga ei oppskrift på pulsvarmarar som ho har kalla Smockies :)

Dei er strikka i brun Tynn Alpakka frå DSA på pinne 3,5. Perlene har eg kjøpt for ei stund sidan. Dei er nok litt lyse i forhold til garnet, men det var det einaste eg hadde for handa. Pulsvarmarane er gitt bort i forseinka morsdagspresang!

onsdag 24. februar 2010

Pompons

Eldstejenta kom til meg ein dag og lurte på om eg kunne strikka eit skjerf til ho. Det skulle ikkje vera eit tilfeldig skjerf, men eit som skulle vera strikka av Pompon-garn. Eit slikt skjerf hadde ho sett på nokon på skulen.

Eg blei inspirert sjølv, og dro ut og handla garn. Masse garn. For når eldstejenta skulle få, måtte jo yngstejenta og ;) Derfor blei det 300 g Pompon garn i to ulike fargar. Eg la opp 12 masker på pinne 3,5; 1 maske i kvar ende, og 2 mellom kvar Pompon. Då blei skjerfa sjåande slik ut:


Dette er det eine, garnet er i ulike brunfargar. Det andre skjerfet er i ulike lillafargar. Det var kjempegøy å strikka, for det var gjort på ein kveld! I tillegg blei skjerfa så utrulig mjuke og varme!
No har eg kasta meg på eit nytt prosjekt med dette garnet, ein poncho til meg sjølv. Fleire bilde kjem etterkvart!

fredag 19. februar 2010

Kunststrikk

Eg meldte meg på ein kunststrikk-along på dinhobby.no-forumet. Her er resultatet:



Det var veldig artig, og eg trur eg har blitt hekta ;) I går var eg på biblioteket og lånte ei bok om kunststrikk, så no kjem det kanskje fleire kreasjonar etterkvart...

lørdag 6. februar 2010

Bloggaward



Eg har vore så heldig å få ein Bloggaward! Tusen takk, Tittei :)

Reglane for denne bloggawarden er at eg skal skriva 7 ting om meg sjølv på min blogg og så "senda" den vidare til 7 andre bloggar.

Først 7 ting om meg sjølv.

1. kristen
2. småbarnsmor
3. god til å huska navn
4. glad i språk
5. B-menneske
6. har mange kreative idear, men får berre realisert ein liten prosentdel
7. er supergod til å laga UFO-ar.

Dei aller fleste bloggane eg er innom har allereie fått denne awarden, noko dei fortjener. Derfor er eg så kjedeleg at eg ikkje sender den direkte vidare til nokon, men sender den ut til alle flinke hobbybloggarar! Vær stolt av det du gjer :)

Calorimetry

I det siste har eg strikka ein god del panneband kalla Calorimetry. Dei er veldig enkle å strikka. I tillegg passer dei godt på hovudet, spesielt dersom ein har hestehale - noko jenter ofte har ;) Alle eg strikka i denne omgang har blitt gaver, - det er kjekt å gi bort!
Denne er strikka av 2 trådar Trysil garn (frå Europris) på pinne nr 4.

lørdag 16. januar 2010

Bloggtips

I dag har eg lyst til å tipsa dåke om ein anna überkul blogg, - denne frå det fantastiske Vestlandet :)
Tittei

Berre sjå på ka flotte kreasjonar ho klara å trylla fram!! Stolt av deg, Tittei!

Skatt

I dag fann eg ein skatt på bloggen min :) Mange kjekke kommentarer, som eg måtte bekrefta for at dei skulle visa, og tenk - det visste eg ikkje om før!!!

TUSEN TAKK til alle som har kommentert :) :) :) Eg skal sjekka bekreftingssida ofte frå no av! Eg har også gått igjennom innstillingane for kommentering, og håpar det blir lettare å kommentera frå no! God helg:)

torsdag 14. januar 2010

Blogg candy

www.kortoggodt.com har blogg candy med frist 31.januar. Vinn ei Sissiz maskin :)

søndag 10. januar 2010

Hannahs håp

Til jul fekk me fleire bøker. Me hadde ønska oss bøker av den amerikanske forfattaren Karen Kingsbury. Me har lese bøker av ho før, og synst ho skriv veldig godt. Denne jula fekk me ønsket oppfylt og fekk mellom anna denne boka, Hannahs håp.

Hannahs håp

Det er ei rørande, lettlest bok som handlar om ei ung vellykka jente i Washington DC. Ho føler likevel eit tomrom i livet sitt, og ho ber privatsjåføren be om eit julemirakel.

På pinnane

Bolero m bjørnebærmønster strikketøy

På pinnane mine no har eg ein bolero. Oppskrifta og garnet har eg kjøpt av Atelje Margaretha.
Mønsteret heiter bjørnebærmønster, og det er ein form for perlestrikk. Det er artig å strikka, og ser ut til å bli bra!

Bolero m bjørnebærmønster utdrag