onsdag 24. februar 2010

Pompons

Eldstejenta kom til meg ein dag og lurte på om eg kunne strikka eit skjerf til ho. Det skulle ikkje vera eit tilfeldig skjerf, men eit som skulle vera strikka av Pompon-garn. Eit slikt skjerf hadde ho sett på nokon på skulen.

Eg blei inspirert sjølv, og dro ut og handla garn. Masse garn. For når eldstejenta skulle få, måtte jo yngstejenta og ;) Derfor blei det 300 g Pompon garn i to ulike fargar. Eg la opp 12 masker på pinne 3,5; 1 maske i kvar ende, og 2 mellom kvar Pompon. Då blei skjerfa sjåande slik ut:


Dette er det eine, garnet er i ulike brunfargar. Det andre skjerfet er i ulike lillafargar. Det var kjempegøy å strikka, for det var gjort på ein kveld! I tillegg blei skjerfa så utrulig mjuke og varme!
No har eg kasta meg på eit nytt prosjekt med dette garnet, ein poncho til meg sjølv. Fleire bilde kjem etterkvart!

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar