torsdag 25. februar 2010

Smockies

Eg har funne ei kjekke oppskrift på internett, hos BenteB. Ho har laga ei oppskrift på pulsvarmarar som ho har kalla Smockies :)

Dei er strikka i brun Tynn Alpakka frå DSA på pinne 3,5. Perlene har eg kjøpt for ei stund sidan. Dei er nok litt lyse i forhold til garnet, men det var det einaste eg hadde for handa. Pulsvarmarane er gitt bort i forseinka morsdagspresang!

onsdag 24. februar 2010

Pompons

Eldstejenta kom til meg ein dag og lurte på om eg kunne strikka eit skjerf til ho. Det skulle ikkje vera eit tilfeldig skjerf, men eit som skulle vera strikka av Pompon-garn. Eit slikt skjerf hadde ho sett på nokon på skulen.

Eg blei inspirert sjølv, og dro ut og handla garn. Masse garn. For når eldstejenta skulle få, måtte jo yngstejenta og ;) Derfor blei det 300 g Pompon garn i to ulike fargar. Eg la opp 12 masker på pinne 3,5; 1 maske i kvar ende, og 2 mellom kvar Pompon. Då blei skjerfa sjåande slik ut:


Dette er det eine, garnet er i ulike brunfargar. Det andre skjerfet er i ulike lillafargar. Det var kjempegøy å strikka, for det var gjort på ein kveld! I tillegg blei skjerfa så utrulig mjuke og varme!
No har eg kasta meg på eit nytt prosjekt med dette garnet, ein poncho til meg sjølv. Fleire bilde kjem etterkvart!

fredag 19. februar 2010

Kunststrikk

Eg meldte meg på ein kunststrikk-along på dinhobby.no-forumet. Her er resultatet:



Det var veldig artig, og eg trur eg har blitt hekta ;) I går var eg på biblioteket og lånte ei bok om kunststrikk, så no kjem det kanskje fleire kreasjonar etterkvart...

lørdag 6. februar 2010

Bloggaward



Eg har vore så heldig å få ein Bloggaward! Tusen takk, Tittei :)

Reglane for denne bloggawarden er at eg skal skriva 7 ting om meg sjølv på min blogg og så "senda" den vidare til 7 andre bloggar.

Først 7 ting om meg sjølv.

1. kristen
2. småbarnsmor
3. god til å huska navn
4. glad i språk
5. B-menneske
6. har mange kreative idear, men får berre realisert ein liten prosentdel
7. er supergod til å laga UFO-ar.

Dei aller fleste bloggane eg er innom har allereie fått denne awarden, noko dei fortjener. Derfor er eg så kjedeleg at eg ikkje sender den direkte vidare til nokon, men sender den ut til alle flinke hobbybloggarar! Vær stolt av det du gjer :)

Calorimetry

I det siste har eg strikka ein god del panneband kalla Calorimetry. Dei er veldig enkle å strikka. I tillegg passer dei godt på hovudet, spesielt dersom ein har hestehale - noko jenter ofte har ;) Alle eg strikka i denne omgang har blitt gaver, - det er kjekt å gi bort!
Denne er strikka av 2 trådar Trysil garn (frå Europris) på pinne nr 4.