Viser innlegg med etiketten strikking. Vis alle innlegg
Viser innlegg med etiketten strikking. Vis alle innlegg

mandag 4. juni 2012

Strikking


Bloggfrekvensen er låg her, - slik er det berre...
No nærmar det seg den kalde årstida her i Nairbi. Vi ligg ca 1 time sør for ekvator, derfor er årstidene omvendt av i Norge. I tillegg bur vi på 1800 moh og då er det forholdsvis kaldt kvar natt heile året. Regntida går mot slutten, og det er godt. Me treng regnet, men i år har det kome meir regn enn vanleg. Dessverre er det mange som har mista livet i alt vatnet som kjem i store mengder på kort tid. Mange har også blitt huslause :-( Husa deira er ikkje bygd for å ta i mot store mengder vatn. Be gjerne for dei som har det vanskeleg.
Me er heldige som har det tørt og bur i solide hus. I juli og august må me nok også fyra i peisen for ikkje å frysa veldig på kveldane.. Men alt er relativt; kaldt her er 8-10 grader om nettene og 16 grader om dagane… Det er godt med noko som varmer når kulda kjem krypande. Forrige helg fann eg fram noko alpakkagarn som eg fekk i julegåve frå Norge og begynte å strikka på ein hals til meg sjølv. Strikka fram og tilbake 50 masker og brukte 2 garnnøster før eg sydde heile greiene sammen til ein ring. Den går 2 gonger rundt min hals og varmar godt. Jentene likte den også, og lurte på om eg kunne strikka til dei. Det er ikkje så frykteleg ofte eg gjer handarbeide lenger, det er så mykje anna kjekt å finna på :-) Når eg først har kome i gang er eg likevel ikkje vanskeleg å spørra. Det var kjekt å strikka :-) Derfor har jentene på få dagar også fått kvar sin hals i alpakkaull. På deira la eg opp ca 30 masker og brukte 1 garnnøste.
Kjekt for både store og små!

søndag 10. januar 2010

På pinnane

Bolero m bjørnebærmønster strikketøy

På pinnane mine no har eg ein bolero. Oppskrifta og garnet har eg kjøpt av Atelje Margaretha.
Mønsteret heiter bjørnebærmønster, og det er ein form for perlestrikk. Det er artig å strikka, og ser ut til å bli bra!

Bolero m bjørnebærmønster utdrag

onsdag 30. desember 2009

God jul!

Her er eit etterlengta avbrekk i bloggtørka mi! Eg begynte å hobbylera i november, men då var det julegaver og det hadde eg ikkje lyst til å blogga om ;) No kan eg gjera det!

Eg har strikka mitt første Flower Basket Shawl, og det var gøy!! Det er strikka i brun tynn alpakka på pinne 4.


Eg kjøpte eit kvitt enkelt servise og har malt med raud porselensmaling. Det er kjekt å ha sitt eige servise å bruka til jul. Middagstallerkar og dessertskåler.
Malt dessertskål jul

Årets juledekorasjon bestod av ein vid vase med blåbærlyng utan blad, med roser i. Enkelt og dekorativt!
Juledekorasjon 2009

mandag 12. januar 2009

Strikking



I dag er det på tide med ein ny oppdatering. Eg fant ingen bilder på PCen av noko eg har laga, så då viser eg dykk eit bilde av gensrane som jentene fekk i haust.

Skikkelig gode og flotte gensrar strikka av tanta deira! Det var skikkelig stas å få genser med sølv-krone og sølvkant. Nydelig arbeid! Tusen takk!